Untitled

Norge

Lov om den europeiske arbeidsmarknadsstyresmakta (ELA-lova)

Datert 2025-04-10. Kilde: Lovdata (NLOD 2.0)

Gjennomføring av forordning (EU) 2019/1149

§ 1 EØS-avtala vedlegg V nr. 11 (forordning (EU) 2019/1149 om innføring av ei europeisk arbeidsmarknadsstyresmakt, om endring av forordning (EF) nr. 883/2004, (EU) nr. 492/2011 og (EU) 2016/589 og om oppheving av avgjerd (EU) 2016/344) gjeld som lov med dei tilpassingar som følgjer av vedlegg V, protokoll 1 til avtala og avtala elles.

Forskrifter

§ 2 Departementet kan gi forskrift om kva for forvaltningsorgan som er ansvarlege for ulike oppgåver etter forordning (EU) 2019/1149, og om ansvarsfordelinga mellom dei.

Endringar i andre lover

§ 3 Frå den tida lova tek til å gjelde, blir følgjande endringar gjorde i andre lover: – – –

Iverksetjing

§ 4 Lova tek til å gjelde straks.